FOR LOKAL LEGEVAKT: Asle Rafdal (frå venstre), Eli-Jorun Tangeraas, Hallgeir Amdal, Knut Saua, Jan Birger Eide og Øyvind Viland stemte alle ja til å behalda legevakta i Sauda. (Foto: Ingvil Bakka)
FOR LOKAL LEGEVAKT: Asle Rafdal (frå venstre), Eli-Jorun Tangeraas, Hallgeir Amdal, Knut Saua, Jan Birger Eide og Øyvind Viland stemte alle ja til å behalda legevakta i Sauda. (Foto: Ingvil Bakka)

Ja til lokal legevakt i Sauda

17 av dei 19 kommunestyrerepresentantane stemte nei til legevaktsamarbeid i Ølen.

– Me veit at dette får konsekvensar for det interkommunale helsesamarbeidet og det beklager me. Men me vil gjerne ha lokal legevakt i Sauda, sa Asle Rafdal då han opna legevaktdebatten i kommunestyret i dag, onsdag. På vegner av Arbeidarpartiet og Senterpartiet fremma han forslag om at Sauda ikkje blir med på ein interkommunal legevaktsentral i Ølen.

Etterpå gjekk fleire representantar i tur og orden opp på talarstolen og fortalde om kor einige dei var med Rafdal: Jan Birger Eide (Framstegspartiet), Laila Stødle (Høgre), Knut Saua (Venstre), Eirik Birkeland (Senterpartiet) og Sjur Hatlen (Høgre) var alle glade for at det ville gå mot ei lokal legevaktordning. Fleire rosa også det store engasjementet til innbyggarane og den lokale arbeidsgruppa som jobba fram ein sakleg og objektiv rapport.

Aud Jorunn Nymark og varaordførar Laura Seltveit, begge frå Arbeidarpartiet, fortalde at dei valde å stå fast på sitt tidlegare standpunkt. Begge stemte for eit interkommunalt legevaktsamarbeid i Ølen då kommunestyret stemte over saka for eitt år sidan.

– Politikk handlar om å stå for og ta ansvar for det ein meiner. Og ein må få meina det ein vil. Eg synest det har vore vanskeleg at enkelte meiner at dei har den einaste rette meininga. Det gjer eit samfunn trongt å leva i, sa Nymark.

Avstemminga viste at 17 av 19 representantar stemte for lokal legevakt.

Les meir i papiravisa fredag.