Kvalitetsrådet for nasjonale turistvegar har vore på synfaring i Ryfylke. Utfallet av denne synfaringa er at rådet vedtok å fremma ei tilråding til vegdirektøren om at strekninga Oanes-Hjelmeland vert erstatta med strekninga Lovraeidet-Sand-Håra. I tilrådinga heiter det at riksveg 13 gjennom Brattlandsdalen saman med fylkesveg 520 over Røldalsfjellet vil verta ein rundtur med gode turistvegkvalitetar. «Med eit slikt innhald vil Nasjonal turistveg Ryfylke på ein heilt anna måte oppfylla målet og føremålet med dei nasjonale turistvegane samla sett, enn dagens endring», heiter det i vedtaket.
Vegdirektøren avgjer kva det endelege vedtaket vert.
I grunngivinga for tilrådinga om endringa meiner kvalitetsrådet at dei mange vegtiltaka i Ryfylke vil redusera potensialet til riksveg 13 som Nasjonal turistveg.
– Den lange tunnelen langs Tysdalsvatnet har alt redusert køyreopplevinga kraftig. Frå Tau mot Hjelmeland vil rassikring og tiltak for auka transportstandard bety at viktige landskapsopplevingar går tapt etter kvart som stadig fleire prosjekt vert gjennomført. Vegen frå Tau til Oanes vil verta blindveg når Ryfast står ferdig og ferja Oanes-Lauvvik vert lagt ned, men vil framleis vera ein tilkomstveg til Preikestolen og Lysefjorden. Sjølve køyreturen sørover oppfyller ikkje kvalitetskrava til Nasjonale turistvegar. Preikestolen er ein sterk nasjonal attraksjon med store besøkstal og eiga skilting, uavhengig av Nasjonal turistveg, skriv kvalitetsrådet.
Riksveg 13 frå Lovraeidet til Sand gir derimot gode naturopplevingar, som stort sett vil vera der også etter at rassikringstunnelen ved Lovraeidet er gjennomført, er oppfattinga til kvalitetsrådet.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her