*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/AvisbilderArkiv: Redaksjon/Avisbilder
STEMTE FOR ØLEN: Varaordførar Laura Seltveit (til venstre) og Aud Jorunn Nymark var onsdag ikkje einige med partiefellene sine og resten av kommunestyret i den omstridde legevaktsaka. Begge meiner at eit interkommunalt legevaktsamarbeid, med base i Ølen, vil vera det beste for Sauda. (Foto:Ingvil Bakka)

Tok nederlaget med fatning

Arbeidarpartiets Laura Seltveit og Aud Jorunn Nymark var ikkje meir skuffa enn at dei gratulerte motparten med sigeren.

– Me har stor respekt for demokratiet. Denne saka viser at demokratiet vårt fungerer, seier varaordførar Laura Seltveit.

Då kommunestyret onsdag diskuterte den omstridde legevaktsaka var det bare to representantar som stemte for eit felles legevaktsamarbeid med Suldal, Etne og Vindafjord, med base i Ølen. 17 representantar stemte for ei eiga, lokal legevaktordning i Sauda. Ni av desse hadde skifta meining sidan kommunestyret behandla saka sist, i starten på april for over eitt år sidan. Arbeidarpartiets Aud Jorunn Nymark var ikkje redd for å seia at ho fortsatt stod fast på sitt tidlegare syn.

– Det har vore ryddige og saklege prosessar i partiet vårt og eg innser at eg nå er ein del av mindretalet. Likevel kjenner eg på ein viss stolthet for at eg står for det eg meiner. Politikk handlar om å stå for og ta ansvar for det ein meiner, sa Nymark då ho stod på talastolen.

Både Aud Jorunn Nymark og Laura Seltveit heldt sterke og tydelege innlegg for Ølen-alternativet då kommunestyret diskuterte saka i april i fjor. Trass kraftige reaksjonar frå innbyggarane i tida etterpå vel dei å fortsatt stå fast på sitt syn.

– Det er klart at me blir påverka av den sterke viljen og det store engasjementet i folket. Me forstår jo bekymringane folk har. Det har derfor vore tøft å stå for meininga si, vedgår Nymark.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her