VANN: Tobias Bjønnes frå Norge og Sauda var best av alle i skiklassen under Røldal Freeride Challenge i dag, laurdag. (Foto: Martin I. Dalen)
VANN: Tobias Bjønnes frå Norge og Sauda var best av alle i skiklassen under Røldal Freeride Challenge i dag, laurdag. (Foto: Martin I. Dalen)

Tobias Bjønnes vann skiklassen i Røldal

Saudabuen knuste verdsmeisteren og dei andre konkurrentane.

Tobias Bjønnes frå Sauda gjekk heilt til topps i skiklassen under Røldal Freeride Challenge, som blei arrangert i dag, laurdag.

23-åringen fekk 82 poeng, fire poeng meir enn nummer to; Ville Aarseth, også han frå Norge. Nummer tre blei Dani Fornell-Prat frå Andorra, med sine 75 poeng. Verdsmeister Reine Barkered, frå Sverige, enda heilt nede på 29. plass etter å ha kjørt inn til usle 48 poeng.

I ei pressemelding frå arrangøren heiter det at det var ingen som kunne gjera det betre i Saudasvingen enn Saudas store sønn, Tobias Bjønnes.

– Ein enorm 360, backflip og ein stor klippe i botn var blant ingrediansane i Tobias sitt run, som fekk 82 poeng, skriv presseansvarleg Pelle Gangeskar i meldinga til media.

Røldal Freeride Challange blei i år arrangert for femtande gong. Vêret var denne gong ei ekstra utfordring, men trass ufyseleg vêr og svært krevande forhold var prestasjonane, ifølge arrangøren, høge.

85 deltakarar frå til saman 18 land deltok i rennet i dag, laurdag. Det blei konkurrert i både snøbrett- og i ski-klassar.

Arrangøren sendte ut pressemelding om resultata tidlegare i kveld, med sperrefrist til klokka 22.00 – når premieutdelinga startar i Røldal.

– Men det er ikkje kvar dag ein frå Sauda vinn noko så stort som dette, så bare kjør den ut før, du, seier Gangeskar blidt.

Dette betyr at nå, når dette blir lagt ut ut på nettsida til Ryfylke klokka 21.25, veit ikkje Tobias Bjønnes at han har vunne. Men nå gjer han det.

Les meir i papirutgåva tysdag.