– Tobias Bjønnes har nå vist at han er den beste frikjøraren i Norge, konstaterer Pelle Gangeskar, presseansvarleg i Røldal Freeride Challenge.
Laurdagens Røldal Freeride Challenge var det femte og siste rennet i Norwegian Freeride Series 2015. Cupen baserer seg på dei norske utøvarane sine resultat i freeride-konkurransane i Sogndal, Stavanger, Sauda, Vågå og Røldal.
– Utøvarane får poeng for plasseringane sine. Førsteplass i Sauda Backcountry Challenge gir 600 poeng, medan topplassering i Røldal Freeride Challenge, som har langt vanskelegare og hissigare nedfartar, gir 1 800 poeng, forklarer Gangeskar.
Tobias Bjønnes blei nummer 12 i Sogndal, nummer to i Stavanger, nummer 32 i Sauda, og altså nummer éin i Røldal. Dette førte han heilt til topps på resultatlista i skiklassen i freeride-serien, og saudabuen måtte derfor opp på pallen to gonger under premieutdelinga i Røldal laurdag kveld.
– Bjønnes har nå gode muligheter til å få bli med i Freeride World Tour. Med god hjelp frå samarbeidspartnarar kan han reisa ned til Alpane og prøva å kvalifisera seg. Dei 1 800 poenga han fekk i Røldal er viktige her, forklarer Gangeskar.
Fjorårets Røldal Freeride Challenge-vinnar, Dennis Risvoll, er i år den første norske utøvaren som har klart dette.
Også ein annan saudabu hamna på pallen i freeride-serien. Vegard Tveit blei nummer fem i Sogndal, nummer éin i Stavanger, nummer tre i Sauda og nummer 13 i Røldal. Dette gav han ein ein tredjeplass i snøbrett-klassen i den norske serien.
Verken Tveit eller Bjønnes deltok i freeride-konkurransen på Vågå i mars.