*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FERDIG STØYPT: Hoppbassenget er nå klart til å fyllast med stål. Dette arbeidet blir gjort i neste veke.(Foto: Linda Merethe Lie)

Bassenga begynner å ta form

Ein snørik vinter har ikkje sett ein stoppar for framdrifta i utebasseng-prosjektet.

– Vi følger tidskjemaet. Sjølv om det har vore ein del snø har det heldigvis ikkje vore frost. Slik sett har vi vore heldige. Det hat blitt mindre måking enn vi frykta, kommenterer dagleg leiar AS Forskaling, Alf Jostein Årtun.

I mars i fjor blei basseng-oppdraget lyst ut på anbod med forhandling. To tilbydarar med lokale tilsnitt viste då si interesse og i september blei det klart at BWT HOH Birger Christensen skal vere ansvarleg for byggeprosjektet, medan saudafirma AS Forskaling, Sauda Rørhandel og Ryfylke Elektro er underleverandørar til anlegget. I januar i år starta AS Forskaling gravearbeidet.

– Gravinga har forsåvidt pågått heile vegen, fortel Alf Jostein Årtun.

Den første støypen, botnplata til hoppbassenget, gjorde AS Forskaling i midten av februar. Etterpå har ein fått på plass veggane i det nær fire meter djupe, runde bassenget. Fredag i førre veke var støypearbeidet med dette bassenget ferdig.

– Nå gjenstår stålarbeid der. Botnplata til heilårsbassenget blei gjort i midten av mars. Vi har også støypt ein kiosk, og den er klar, forklarer Årtun.

Også Sauda Rørhandel har hatt mykje arbeid med utebassenget dei siste månadene. Reinseanlegget som er røyrleggarfirmaet sitt ansvar, er nå godt i gang. Dei har også klargjort for seinare elektromontasjearbeid, som har skal utførast av Ryfylke Elektro.

– Ting går som planlagt, noko vi er veldig godt fornøgde med. I neste veke startar arbeidet med å montere sjølve bassenga, opplyser kommunalsjef fellestenester i Sauda kommune, Andreas Fløgstad.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her