TILBAKE PÅ NULL: Med helsesamarbeidet i vasken, ser det også spøke ut for ei muleg framtidig kommunesamanslåing mellom dei fire nabokommunane. Frå venstre: Torkel Myklebust (Suldal), Sigve Sørheim (Etne), Ole Johan Vierdal (Vindafjord) og Frode Sulen (Sauda). Foto: Ingvil Bakka)
TILBAKE PÅ NULL: Med helsesamarbeidet i vasken, ser det også spøke ut for ei muleg framtidig kommunesamanslåing mellom dei fire nabokommunane. Frå venstre: Torkel Myklebust (Suldal), Sigve Sørheim (Etne), Ole Johan Vierdal (Vindafjord) og Frode Sulen (Sauda). Foto: Ingvil Bakka)

Fullt havari etter legevakt-nei

Ordførarane har erklært helsesamarbeidet for dødt.

– Helsesamarbeidsavtalen er død. Nå må me nullstilla oss og ta alt frå skratsj, konkluderte ordførar i Vindafjord, Ole Johan Vierdal (Senterpartiet), under grannemøtet i Sauda i dag, onsdag.

Ordførarar, varaordførarar og rådmenn frå Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord kommunar var i dag samla for å diskutera den vidare vegen for det interkommunale helsesamarbeidet.

Då møtet blei avslutta etter tre timar var det ingen tvil:

Sauda sitt nei til ein felles legevaktsentral i Ølen har torpedert heile det interkommunale helsesamarbeidet mellom Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord.

Ordførar i Sauda, Frode Sulen (Arbeidarpartiet), hadde før møtet sendt brev til dei andre kommunane der han i klare ordelag spurde om og håpa på at helsesamarbeidet kunne fortsetta, sjølv med Sauda kommunestyre sitt nei til ei felles legevakt i Ølen.

Suldalsordførar Torkel Myklebust (Senterpartiet) hadde også, før møtet, signalisert at han var positiv til at det interkommunale helsesamarbeidet fortsette på dei andre delane av avtalen, der kompetanseeining og kreftkoordinator, rehabiliteringsenter og frisklivskoordinator var område der det var tenkt at kommunane skulle samarbeida tett.

Men, den politiske og administrative leiinga i Etne og Vindafjord var ikkje særleg lystne på å forsetta helsesamarbeidet med Sauda og Suldal.

– Me kan ikkje vera med på alle andre sine premiss og få ingenting igjen sjølv, sa vindafjordordførar Vierdal, som ikkje utelukkar at Etne og Vindafjord nå ser i motsett retning, mot Haugesund, for å finna andre kommunar som dei kan samarbeide med innan helse.

Etne og Vindafjord vil nå undersøka om dei fortsatt kan driva ei felles legevakt saman, utan Sauda og Suldal. Skulle dei, mot alle odds, få dette til, er dei likevel villige til å invitera Sauda og Suldal med på eit eventuelt framtidig helsesamarbeid på andre område.

Sauda kommunestyre har vedtatt at Sauda vil jobba for å drifta ei eiga, lokal legevakt – og dei to øyeblikkelig hjelp-sengene, som i samarbeidsavtalen var tenkt lagt til Ølen.

I ordførarmøtet blei det diskutert om det kunne vera aktuelt å legga ein ”øyeblikkelig hjelp-senge-sentral” til Ølen, dersom Etne og Vindafjord greier å fortsatt drifta legevakta si der, utan Sauda og Suldal.

Ordførarane i Sauda og Suldal argumenterte med at dette kanskje kunne vera ei slags erstatning for tapet av den interkommunale legevakta og såleis bidra til at Etne og Vindafjord likevel kunne bli med på resten av helsesamarbeidsavtalen.

– Viss det er det som skal til for ”å sukra pilla”, vil me sjølvsagt vurdera ei slik løysing, sa Torkel Myklebust, ordførar i Suldal.

– ”Å sukra pilla” er eit litt feil uttrykk her. Det viser jo til korleis ein skal ta ein medisin ein ikkje vil ha, kommenterte Vindafjord-ordførar Vierdal tørt.

– Nei, det viser til det å ta ein medisin du treng, repliserte Myklebust.

Men å setta helsesamarbeidsavtalen på vent for dette blei likevel ikkje sett på som ei aktuell løysing for Etne og Vindafjord. Dermed var helsesamarbeidsavtalen mellom Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord kommunar erklært død.

Les meir om ordførarane sin legevakt-diskusjon i neste papirutgåve av Ryfylke, tysdag 5. mai.