FÅR BYGGA: Formannskapet sa i dag einstemmig ja til dei opprinnelege planane om studentbustader i Åbøbyen, og tok dermed ikkje klagene frå verneinteressene til følge. Saka går nå vidare til til Fylkesmannen i Rogaland. (Foto: Linda Merethe Lie)

Gav husbyggaren medhald

Eit steg nærmare byggestart for studentbustadar i Torsveien.

I eit ekstraordnært møte i formannskapet i dag, onsdag, gav dei folkevalde utbyggar Leabøen AS einstemmmig lov til å bygga studentbustadar i Åbøbyen i samsvar med den opprinnelege søknaden. Det tyder at formannskapspolitikarane valde å ikkje ta klagene frå Ryfylkemuseet og Ryfylke lokallag av Fortidsminneforeningen til følge.

Saka går nå til vidare behandling hos Fylkesmannen i Rogaland.

Saudapolitikarane vurderte i sitt møte i dag ankepunkta frå verneinteressene, som meiner at det omsøkte bygget ikkje er tilpassa lokal byggeskikk, opp mot verdien dei ser studentbustadane vil ha for lokalsamfunnet og for den vidaregåande skulen.

– Uheldig for verneinteressene, men den positive samfunnsverdien er overordna for meg, gav Knut Saua, Venstre, uttrykk for.