*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
NY HJELP?: I fjor trødde fleire vaksne til for å hjelpe dei unge medlemmane i Sauda Skolekorps under 17. mai. Nå håpar dei noko uerfarne musikantane at dei får støtte frå meir rutinerte også i år. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Ber om korps-hjelp

Dei unge korpsmusikantane håpar dei meir erfarne vil trø til under 17. mai-feiringa også i år.

– Sauda Skolekorps består av elleve ungar og i tillegg har vi seks aspirantar. Vi treng derfor hjelp av meir rutinerte musikantar i årets 17. mai-korps, seier styreleiar i Sauda Skolekorps, Fiona Djuv.

Sauda Skolekorps blei starta opp på nytt igjen i fjor etter å ha lege i dvale i fleire år. Under nasjonaldagsfeiringa i fjor fekk dei bistand frå vaksne korpsmusikantar, men i år var det meininga at dei vaksne skulle utgjere eit eige korps. Nå er det klart at dei eldste korpsentusiastane likevel ikkje klarer å stille med fullt lag.

– Dei manglar litt folk, noko som gjer at dei ikkje har høve til å vere med på nasjonaldagsfeiringa med eit eige korps, opplyser leiar i 17. mai-komiteen, Aud Hege Jørgensen Hebnes.

– Vi har eit par foreldre som er med, men vi treng fleire vaksne. Ungane har ikkje overskot til å både gå og spele to heile 17. mai-løypa to gonger. Får vi vaksne med gir det dei unge litt meir inspirasjon. I tillegg blir det meir lyd i korpset, seier Fiona Djuv.

Les meir i papirutgåva tysdag. Då kan du også laste ned e-avis her.