Taxi Johannes Rød bruk
KJENT TEMA: Pirattaxi-verksemda i Sauda, spesielt i helgane, er eit velkjent tema når Johannes Rød og drosjesjåførkolleganene hans møtest i basen deira på kaien. (Foto: Arvid Horpestad)

Frustrasjon over piratkøyring

Drosjesjåførane er oppgitte over pirattaxisjåførane.

– Piratkøyringa skjer openlyst. Det er ikkje slik at dei gøymer seg vekk, seier drosjesjåfør Rune Skåle.

– Dei køyrer like mykje som oss, supplerer Gunnar Solbrekk, med tanke på helgekveldane/nettene.

Pirattaxi-verksemda i Sauda, spesielt i helgane, er eit velkjent tema når drosjesjåførane møtest i basen deira på kaien. Det er eit problem dei kjenner godt til, og ei verksemd dei svært gjerne skulle hatt ein slutt på.

– Det er ulovleg, resten må politiet ta seg av, konstaterer Solbrekk, medan Skåle opplyser at ein pirattaxisjåfør i Stavanger nyleg vart fråteken førarkortet for seks månader.

Alexander Hauge og Synne Melby er oppgitte over at medan dei har drosjeløyve, køyrer vakter og betaler skattar og avgifter går piratsjåførane både dei i næringa og driv med ein ulovleg aktivitet.

Drosjesjåførane er sjølvsagt klar over problema politiet har med å bevisa at det dreier seg om piratkøyring, i og med at det jo er lov å ha vener med seg i bilen.

Men når me ser dei same bilane tek runde etter runde, plukkar opp allslags klientell og køyrer til og frå alle typar festar er det inga tvil om at det føregår pirattaxi-verksemd, konkluderer Rune Skåle.

Politiet følger med på piratkøyringa

Fleire bilførarar mistenkt for å ha køyrt pirattaxi har vorte vist vekk av politiet.

– Patruljane våre har med seg den informasjonen me sit på og er merksame på problemet. Me følger kontinuerleg opp, og følger med på stader der det er naturleg for pirattaxiar å plukka opp passasjerar, seier lensmann Siri Fisketjøn Indrebø.

Lensmannen opplyser at lovas handhevarar har vist fleire bilførarar dei mistenker for piratkøyring vekk frå gata. Politiet har då hatt informasjon om og grunnar til å tru at det har dreidd seg om pirattaxi-verksemd, men har ikkje kunna bevist dette.

– Pirattaxi-køyring går ut over drosjenæringa, dei som livnærer seg ved å køyra drosje, minnar ho om.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her