– Det er trist. Både for dei tilsette og for Sauda. Men me har snudd alle steinane me kan og har funne ut at nå går det ikkje lenger. Coop-styret har bestemt seg for at butikken i Saudasjøen skal avviklast, seier Trygve Vikse, regiondirektør i Coop Sørvest.
Måndag i denne veka måtte han ta turen inn til Saudasjøen for å informera dei tilsette om Coop-styret sitt nedleggingsvedtak. Den minste Coop-butikken på Haugalandet vil innan utgangen av denne månaden vera historie.
Den vesle daglegvarebutikken i Saudasjøen har halde stand i fleire år, som ein motvekt til dei stadig større matvarebutikkane i meir sentrale strøk. Vikse legg ikkje skjul på at det har vore tøft å halda butikken open, år etter år, med stadig sterkare konkurranse frå sentrumsbutikkane og med ein tilsvarande svikt i omsetninga.
– Det er krevande å driva butikk med ei så lita omsetning, Me har sett at omsetninga har gått nedover kvart år og då blir det umuleg å fortsetta, meiner Vikse.
Nærbutikken har dei siste åra drive i minus.
Då Coop-konsernet kjøpte opp Ica Norge tidlegare i år og starta ein omfattande butikk-salprosess for å få oppkjøpet godkjent av konkurransetilsynet, blei det spekulert i om nærbutikken i Saudasjøen var ein av butikkane som ville bli ramma. At saudasjøenbutikken ikkje stod på salslista var ikkje overraskande, men fleire frykta at omorganiseringa i Coop-systemet ville setta fart på ei muleg nedlegging. Vikse avviser at dette har påverka prosessen knytt til drifta av nærbutikken.
– Ei nedlegging av butikken i Saudasjøen hadde skjedd uansett, og har ingenting med Ica-oppkjøpet å gjera, seier han.
Butikken i Saudasjøen har i dag tre tilsette. Coop jobbar nå for å finna gode løysingar for dei tilsette, som alt i løpet av denne månaden er ferdige med sine jobbar ved butikken i Saudasjøen.
Les meir i papirutgåva fredag.