*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
OMSTRIDD SAK: Ei saudakvinne anmeldte ein utanlandsk lege ved kommunale Sauda legesenter for valdtekt. Saka er henlagt på grunn av manglande bevis. Saudakvinna meiner likevel Sauda kommune er ansvarleg for det som skjedde med henne og stevner nå kommunen for retten. (Illustrasjonsfoto: Ingvil Bakka)

Ingen enighet etter omstridd legesak

Kvinna som hevdar seg valdtatt av ein saudalege vil nå stevna kommunen for retten.

– Me synest Sauda kommune si haldning er unnfallande og ansvarfråskrivande overfor ein av innbyggarane sine. Alt tyder på at det blir eit rettsleg oppgjer her dersom vår klient som overgrepsoffer orkar å ta den kampen, skriv John Christian Elden i ein epost til Ryfylke.

Saudakvinna som i februar 2014 anmeldte ein saudalege for valdtekt, har heilt sidan hendinga i fjor hatt Advokatfirmaet Elden til å representera seg. Ho stadfestar nå overfor Ryfylke at ho er klar til å ta saka for retten.

Den utanlandske legen, som var tilsett ved kommunale Sauda legesenter, sa opp stillinga si og reiste frå Sauda få dagar etter at han blei politianmeldt. Saudakvinna meinte han både hadde truga og valdtatt henne og at han ved fleire tilfelle hadde misbrukt stillinga si som lege i kontakten sin med henne. Ryfylke fann etterkvart ut at legen hadde jobba fleire månader i Sauda utan godkjent autorisasjon og at han hadde ein dårleg referanse frå sist han jobba som lege i Norge. Legen var også dømt i ein norsk rett, for særs grov vald mot ei kvinne. Avsløringane blei slått stort opp, også i nasjonale medier, men politiet valde i fjor haust å henlegga valdtektsaka mot legen. Årsaka var manglande bevis.

Ifølge advokat Linda Ellefsen Eide, som er partnar i Advokatfirmaet Elden, har kvinna som meldte legen til politiet gjennom heile saka følt seg lite ivaretatt av Sauda kommune, som hadde arbeidsgivaransvaret for legen. Eide og kvinna forsøkte fleire gonger i 2014 å få til eit møte med kommuneleiinga for å diskutera saka, utan å lukkast. Først torsdag 30. april i år var partane samla til eit møte i Stavanger. Kvinna og advokat Eide hadde invitert både ordførar Frode Sulen og rådmann Wictor Juul til møtet, men bare rådmannen stilte frå Sauda kommune.

– Vår hensikt med møtet var å høyra kva kommunen var villig til å tilby vår klient for det ho blei utsett for av ein tilsett i kommunen, fortel Eide.

Ifølge henne erkjenner ikkje Sauda kommune ansvar for det som angiveleg skal ha skjedd mellom legen og saudakvinna.

Sauda kommune og deira advokat, Anne Kroken, meiner at kommunen  ikkje kan stillast ansvarleg for det påståtte overgrepet mot saudakvinna.

– Etter det me har fått opplyst har kvinna hatt kontakt over tid med mannen, uavhengig av hans stilling som lege i kommunen. Det påståtte overgrepet skal ikkje ha noko tilknyting til hans legegjerning. Det føreligg derfor ikkje noko ansvarsgrunnlag, skriv Kroken i ein epost til Ryfylke.

Ho minnar om at kvinnas anmeldelse er henlagt av politiet.

– Det føreligg derfor ikkje ei straffesak og det er vanskeleg for meg å sjå at det her på noko hald føreligg eit ansvarsgrunnlag som skulle gi kvinna rett til erstatning frå Sauda kommune. Forøvrig har ikkje kvinna fremma noko krav, eller vist til kvifor ho meiner det føreligg eit ansvarsgrunnlag overfor kommunen, forklarer Kroken.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her