*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
ÅLEINE I TET: Thomas Finshus hadde god kontroll på konkurrentane på vegen opp mot Rondehaugen og kunne krysse mållinja i einsam majestet. Det 25 år gamle motbakke-eksperten blir etter planen også å sjå på startstreken under årets Hovlandsnuten Opp. Yolanda Dirksen, som kjem bak, deltok i trimklassen. (Foto: Linda Merethe Lie)

Uslåeleg tysværbu først til topps – igjen

Thomas Finshus var også i år i ein klasse for seg under Vårkaaten.

– Eg liker godt å delta på Vårkaaten. Konkurransen i Sauda er ein fin start på motbakkeløpsesongen, seier Thomas Finshus etter å vunne motbakkeløpet frå Brekke til Rondehaugen for fjerde året på rad.

Føret opp mot den 480 meter høge toppen låg ikkje til rette for at løyperekorden på 16,03, som blei sett av Thomas Finshus i 2013, skulle bli forbetra. Eit tjukt snølag dekka løypa frå toppen og omlag 400 meter ned.

– Eg rykka frå start og følte eg hadde god kontroll heile tida, seier vinnaren, som i år brukte nøyaktig eitt minutt lenger frå start til mål enn i fjor.

Vinnartida blei i år 17,10 minutt.

I fjor vann Finshus vandrepokalen til odel og eige. Han er likevel ikkje «mett» kva gjeld deltaking i Vårkaaten. Målet er å bryte den magiske 16-minuttgrensa.

– Eg har veldig lyst til å sjå 15-talet, ja. Det er det store målet, understrekar han.

Talet på deltakarar var i år ein god del lågare enn i dei siste åra. Det må nok vêrgudane ta ein god del av skulda for. I år deltok 38 personar på tid, medan 46 personar valde å stille i trimklassen. Det utgjer totalt 84 deltakarar.

Raskaste kvinne var Karine Anette Orset Klebøe frå Vindafjord.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her