Når Ryfylke ringer Einar Janson i E. Janson Service for å avtala tid for eit intervju, står han høgt oppe i ein lift på smelteverket. Når me møtest for ein prat i den nye basen for firmaet hans kjem han rett frå ei anbodssynfaring i Suldal.
– Ja, me er ein del i Suldal, faktisk, men me er mest her lokalt. Dei seinare åra har Eramet Norway Sauda vel vorte ein hovudkunde, fortel han.
Einar Janson starta firmaet E. Janson Service i 1995. Då var han den einaste tilsette. Sidan har bedrifta stadig utvikla seg. I juni i fjor kjøpte han bygg og tomt etter den tidlegare bilverkstaden i sentrum og flytta før årsskiftet verksemda eit par hundre meter opp frå sjøkanten på Vangnes.
– Litt tilfeldig. Den tidlegare bilverkstaden vart til salgs. Samstundes har eigaren av bygget firmaet mitt tidlegare heldt til planar om eit nybygg i det området. Så, då høvet til å kjøpa kom måtte eg berra handla, seier bedriftseigaren, og legg til at det var viktig for han å sikra at firmaet ville vera lokalisert i sentrum.
Då han kjøpte såg han óg fort behovet for å utvida bygningsmassen på sentrum. Følgeleg har han og dei tilsette no brukt fleire månader på å føra opp tilbygg på til saman kring 160 kvadratmeter. Dette ved sida av alle oppdraga kundane vil ha utført. Berre arbeida med grunnmuren er utført av andre.
– No har me fått mykje større plass, konstaterer han fornøgd.
Samstundes med flyttinga og utviding av bygningsmassen har Einar Janson óg tilsett ein ny medarbeidar.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her