FLYTTA HEIM: Foto- og videoutdanna Bjørn Inge Mong Aalvik flyttar frå stillesittande og, etter eige utsagn, kjedelege jobbar i Praha til kreativ avisjobb i heimbygda Sauda. (Foto: Ingvil Bakka)
FLYTTA HEIM: Foto- og videoutdanna Bjørn Inge Mong Aalvik flyttar frå stillesittande og, etter eige utsagn, kjedelege jobbar i Praha til kreativ avisjobb i heimbygda Sauda. (Foto: Ingvil Bakka)

Ny mann i Ryfylke

Heimvendte Bjørn Inge Mong Aalvik er klar for å sleppa kreativiteten sin laus i avishuset.

– Eg har lenge hatt lyst til å flytta heim til Sauda, men har vel ikkje sett på det som så veldig reelt med tanke på å få ein jobb i tråd med utdanninga og erfaringa mi. Då denne stillinga dukka opp i lokalavisa måtte eg slå til, seier Bjørn Inge Mong Aalvik.

32-åringen hadde i går, måndag, sin første faste arbeidsdag i mediehuset Ryfylke på kaien. Me skriv ”første faste arbeidsdag” fordi Mong Aalvik også tidlegare har jobba i Ryfylke, då som Aetat-utplassert 21-åring med stor usikkerhet på eiga utdannings- og arbeidsframtid. I seks månader i 2001 var han nemleg altmulegmann på Ryfylke, med både journalist- og foto-oppdrag på timeplanen.

– Det var faktisk i Ryfylke eg fekk utvikla interessa mi for foto. Eg syntest det var kjekt å vera kreativ og likte å prøva å laga noko som var originalt og annleis, seier Mong Aalvik.

Etter Ryfylke gjekk vegen vidare til folkehøgskule med fokus på foto og grafikk og ei toårig utdanning ved Norsk Fotofagskole i Trondheim. Deretter jobba han eitt år på fabrikken i Sauda, før han drog vidare for å læra meir om video- og tv-produksjon ved Idéfagskolen i Tønsberg. Etter dette hadde han eit par år med fast jobbing og frilansar-oppdrag i hovudstaden. På CV-en hans står blant anna arbeid knytt til ”Snabbgrabbar” (Raske menn. red.merkn.) og rolla hans som produksjonssekretær under filmatiseringa av ”Få meg på, for faen”.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her