– Dette handlar om interne omrokkeringar og skal utgangspunktet ikkje bety noko for brukarane våre. Målet er å fortsatt tilby gode tenester, seier kommunalsjef helse og omsorg, Aina Olene Tveit.
Helsesenteret som eiga kommunal eining er nå oppløyst og einingsleiar Berit Haustavik sine ansvarsoppgåver er fordelt innad i helsesystemet. Endringane trer i kraft komande måndag.
I løpet av dei elleve åra som har gått sidan oppstarten Av Helsesenteret har det blitt gjort fleire organisatoriske endringar i Helsesenteret. Under tilpasningsprosjektet i 2010/2011, for eksempel, blei Sauda legesenter lagt under same einingsleiar som fysioterapitenesta, barnevernet, psykisk helse og helsestasjon. Samstundes blei Bestillarkontoret og PP-tenesta samlokalisert med dei andre helseeiningane i sjukehusbygget.
Kommunalsjef Aina Olene Tveit innrømmer at denne organiseringa til tider har vore utfordrande. Blant anna har dei tilsette i barnevernet lenge ønska ein eigen fagleg og administrativ leiar. Legesenteret har også hatt sine utfordringar med manglande fagleg oppfølging og vanskar med rekruttering, noko som i april 2014 resulterte i at Olivia Obtinario blei tilsett som eigen einingsleiar ved legesenteret. I denne stillinga var det også lagt inn leiaransvar for frisklivseininga og fysioterapitenestene.
Etter ein lengre prosess er kommunen nå klar med nye endringar i leiaransvarsforholda i sjukehusbygget. Barnevernet blir nå ei ny eining. Hausten 2014 blei Hege Michalsen tilsett som ny barnevernleiar, og ho får nå også det administrative ansvaret for tenesta. Ho blir då også einingsleiar i kommunen. Også psykisk helse får sin eigen faglege og adminstrative leiar. Jill Merete Bergsbakk er nyleg tilsett i denne stillinga.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her