– Me har lokalisert feilen på hovudvassleidninga og vil begynna gravinga. Men slike tid tar tid, det er viktig å unngå bomgraving, forklarer Kjell Arne Granberg, som svarer på vass- og avløp-vakttelefonen til Sauda kommune.
Abonnentar i yttre delar av Saudasjøen hadde i morgontimane i dag, tysdag, grumsete vatn med dårleg trykk i springane sine. Kort tid etterpå forsvann vatnet.
Granberg fortel at feilen er lokalisert til området ved ein av dei små tunnelane før Borvika og at det er innbyggarane i dette området som er nå er ramma av vassmangel.
– Cirka 12-14 husstandar, vil eg tippa, seier Granberg.
Han vil ikkje spekulera i kor lang tid kommunen treng på å få tetta lekkasjen.
– Heilt umuleg å vita. Me jobbar på, timane går fort, men me vil stå på heilt til det er iorden igjen, seier han.
Vegen blir ikkje stengt som følge av gravearbeidet.
– Me grev i sjølve vegen, men vil halda ein kjørebane open for trafikk, seier Granberg.
Vassleidningsbrot i ytre delar av Saudasjøen er inga ny oppleving for innbyggarane. Bare dei siste åra har det skjedd fleire vassleidningsbrot. Dei hyppige vassproblema skuldast gamle og skrøpelege vassrøyr.
I dag eksisterer det eit lappverk av gamle PVC-røyr frå sytti- og åttitalet og pålappa nye røyrbitar i store delar av vass-systemet i Saudasjøen.