Klokka 21.04 tysdag kveld fekk politiet melding om at ein mann øydela dekka på ein moped med sag ved Saudahallen. Iflølge opplysningane frå politiet bevega mannen seg deretter i retning Fløgstad, der han skal ha øydelagt dekka på ein bil, også det med sag. Han gjekk óg laus på to benker.
Politiet melder at mannen er i 40-åra og har adresse Sauda. Han vart pågripen av politiet og framstilt for lege.