FLINKE RYDDARAR: Maiken Celine Aateigen, August Thompson (med caps) og Markus Wullum Tveitane deltok i dag med stor innsats i den årlege ryddedugnaden Fløgstad skule gjennomfører i både eigen skulegard og i nærmiljøet. (Foto: Arvid Horpestad)

Feiar til feiringa

Elevar og lærarar ved Fløgstad skule har hatt ryddedugnad i forkant av nasjonaldagen.

I dag, fredag, har elevar og lærarar ved Fløgstad skule gjennomført den årlege vårdugnaden der dei har plukka søppel og kosta opp sand. Og då er det ikkje berre eigen skulegard dei tenker på.

– Me har plukka søppel heilt opp Sjukehusbakken, fortel femteklasingen Maiken Celine Aateigen.

Dei eldre elevane har óg vore vidare innover Åbødalen. Men skulen gav seg ikkje med det.

– Me har vore ned til Mega, og ned forbi Høllandsfossen, den ruta toget går 17. mai. Og så har me vore masse rundt i Åbøbyen, fortel lærar Monica Øvrebø Herheim.

Sanden kosta dugnadsgjengen opp i skulegarden. Søppel fann dei elles mengder av rundt i nærmiljøet sitt.

– Å, ja, meir enn nok. Me har fylt søppelsekk på søppelsekk, konstaterer Monica Øvrebø Herheim.

Etter vel gjennomført aksjon vanka det is som dei flinke ryddarane, både elevane og lærarane, kunne nyta i det strålande solskinet.