I 15-tida i går, torsdag, kolliderte to bilar front mot front på den vesle stikkvegen mellom Amdalsvegen og parkeringsplassen ved golfbanen på Grønsdal.
Politiet blei tilkalla og vegen blei mellombels stengt for trafikk.
Ifølge twittermeldinga til politiet blei ingen personar skadd i kollisjonen. Bilane fekk derimot store skader.
– 18-årig sjåfør er anmeldt, førekort i beslag, heiter det i twittermeldinga.