*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
POPULÆRT: Deltakarane i Tour des Fjords blei heia fram frå start til mål under etappen frå Risavika til Stavanger i fjor. Klarer saudabuen å lage like mykje liv langs løypa? (Foto: Einar Oliver Landa)

Arrangement utanom det vanlege

Målgangen på ein av Tour des Fjords-etappane vil skape mykje liv og ikkje minst merksemd om Sauda.

Onsdag i komande veke startar femdagarsrittet Tour des Fjords i Bergen. 126 deltakarar fordelt på seks lag skal i løpet av fem dagar sykle 911 kilometer. Den tredje etappen startar på Stord og går gjennom Sveio, Haugesund og Vats før syklistane kryssar mållinja ved brannstasjonen i Sauda, etter 16,6 mil på setet. Dei første er venta i mål i 18-tida.

– Vi er i rute, men har framleis nokre små ballar som skal tas ned frå lufta. Likevel, dette er tredje gong vi arrangerer Tour des Fjords og vi har god tru på at vi får det endå betre til i år, seier dagleg leiar i Tour des Fjords, Roy Hegreberg.

Det er ingen kven som helst som stiller til start i årets Tour des Fjords. Mellom laga er dei fem World Tour-laga Team Katusha, Trek Factory Team, Tinkoff-Saxo, Orica-Greenedge og FDJ.fr. Laga kjem med store stjerner som fjorårets tourvinnar Alexander Kristoff, Fabian Cancellara, Simon Gerrans og Thibaut Pinot. Sistnemnde blei nummer tre samanlagt under fjorårets Tour de France og vann ungdomskonkurransen. Den sveitsiske superstjerna Fabian Cancellara har vunne fleire OL- og VM-gullmedaljar, i tillegg til sju etappesigrar i Tour de France.

Tour des Fjords har blitt eit svært populært arrangement og i tillegg har sykkelinteressa i Norge berre auka på dei seinare åra, mykje takka suksessen til norske utøvarar. TV2 har i fleire år satsa tungt på å produsere sendingar med rapportar frå ulike konkurransar og ritt, og nå er dei klare for å nok ein gong vise bilete frå Tour des Fjords. Ein fem ganger 20 meter stor skjerm skal settast opp i Sauda sentrum slik at publikum der kan følge syklistane. For dei som følger konkurransen gjennom fjernsynsruta kan ein oppleve kommentatorane Christian Paasche og Johan Kaggestad, som er stasjonert i Sauda sentrum. Ekspertkommentator og gladgut Dag Otto Lauritzen er TV2 sin mann ute i løypa. Tour des Fjords har, i tillegg til TV2, også inngått avtale med Eurosport, som sender i 64 land.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her