Saudakveldm artistane samla
SAMLA FULLT TELT: Konserten under Saudadagane i 2013 blei ein stor suksess. Her ser me, frå venstre: Grethe Svensen, Vigdis Eidsvåg, Oddwar Wiersen (bak på bassgitar), Reidar Brendeland, Monica Herheim og Merethe Herheim (koristar) og Bjørn Eidsvåg. Alle desse deltar også i år.(Arkivfoto: Per Inge Fjellheim)

Gjentar konsert-suksessen med Sauda-artistar

Få trudde det var muleg å samla Saudas store stjerner til èin konsert. Nå kjem dei for andre gong på to år.

– Eg var innstilt på at det var ”once in a lifetime” sist, men eg tok heldigvis feil, seier Nils Kristen Herheim i arrangementskomiteen for Saudadagane.

Ideen om ein større konsert der bidraga utelukkande blir levert av utflytta og innbarka saudabuar kom frå boookingansvarleg for Saudadagane, Ole Orre. Etter eit iherdig bookingarbeid greidde ein i 2013 å få samla alle dei mest profilerte Sauda-artistane til ein felleskonsert i stor-teltet ved Paviljongen under Saudadagane det året. Kvelden blei ein gedigen suksess der alle dei 1 500 billettane blei selde i førevegen av arrangementet. Ifølge Orre måtte eit par hundre personar gå slukøra heim sjølve konsertkvelden, utan billett.

Både før og etter arrangementet i 2013 blei konserten karakterisert som ”tidenes konsert” og som eit arrangement det ville vera umuleg å få til igjen. Men, alt nå, bare to år etter, er det igjen klart for ein ny konsert med alle dei mest profilerte Sauda-artistane på scenen.

­– Ein må slå til når ein kan. Nå passa det godt med jubileet til smelteverket og den økonomiske hjelpa frå dei. I tillegg begynner nokre av artistane å dra på åra, så me må bruka dei medan dei framleis er aktive musikarar, seier bookingsansvarleg Ole Orre, som starta kontakten med artistane i august i fjor.

Ifølge han var det ikkje vanskeleg å få artistane med å ein ny Sauda-konsert.

– Det var bare ”JESS” frå alle. Dei hadde hatt det så kjekt sist at dei var 100 prosent positive med ein gong. Eit par av dei måtte stokka om på andre planar, men det gjekk greitt, seier Orre.

Les meir om kva artistane seier om konserten i 2013 og om korleis dei gler seg til arrangementet neste fredag i papiravisa eller last ned eavis her