Bord og stolar er bestilt: Om alt går etter planen vil det ifølge Mette Steen Nordbø vere stolar og bord i hagen ved Mettes Lille Hotel til Saudadagane, slik at dei er klare til å ta i mot gjestar. (Foto: Siri Åbø Wiersen)
Bord og stolar er bestilt: Om alt går etter planen vil det ifølge Mette Steen Nordbø vere stolar og bord i hagen ved Mettes Lille Hotel til Saudadagane, slik at dei er klare til å ta i mot gjestar. (Foto: Siri Åbø Wiersen)

Nytt serveringstilbod i sentrum

Onsdag førre veke fekk eigarane av Mettes Lille Hotel beskjeden dei har venta på: Dei får serverings- og skjenkeløyve.

Av Siri Åbø Wiersen:

Saudabuen har nå snart nok eit alternativ å velge mellom når det kjem til uteservering.

– Vi har bestilt fleire bord og stolar, og håpar det kjem tidsnok til Saudadagane slik at folk kan nytta seg av tilbodet då. Under Saudadagane i fjor var det heilt fullt utanfor Kløver, så vi håpar at dette er eit tilbod folk kjem til å sette pris på, seier Mette Steen Nordbø ved Kløver Hotel.

Mettes Lille Hotel opna i oktober i fjor, og var meint som eit supplement til hotellet rett over gata. Sjølve huset er frå 1902, og kan huse åtte personar fordelt på fire rom. Innehavar av Kløver Hotel, Jan Nordbø, brukte to og eit halvt år på å restaurere bygget, noko som kosta han omlag fem millionar kroner.

Mette Steen Nordbø fortel vidare at dei kjem til å sette opp eit tappetårn i Mettes Lille Hage, som uteområdet nedi «gropa» no er døypt til. Dei kjem til å halde ope frå morgon til kveld, eller så lenge det er folk. Dei dårlege vêrprognosane vil heller ikkje sette ein stoppar; det er store parasollar i hagen som vil halde folk tørre om det skulle komme regn.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her