OPPDRESSA: Familien Ødemotland frå Nærbø hadde på seg klede frå 1930-talet, og stod i god stil til bilen sin, ein Packard 902 Club Sedan frå 1932. (Foto: Siri Åbø Wiersen)
OPPDRESSA: Familien Ødemotland frå Nærbø hadde på seg klede frå 1930-talet, og stod i god stil til bilen sin, ein Packard 902 Club Sedan frå 1932. (Foto: Siri Åbø Wiersen)

Over hundre veteranbilar okkuperte sentrum

Både saudabuar og tilreisande tok vegen til sentrum laurdag føremiddag, då starten på Norgesløpet for veteranbilar fann stad.

Av Siri Åbø Wiersen:

– Dei som ikkje er her i dag har gått glipp av noko av det største som har skjedd på lang tid i Sauda, seier Eivind Aas, ein av tilskodarane.

Norgesløpet blir arrangert kvart år av Landsforbundet av motorhistoriske kjøretøyklubber (LMK). Ein av dei 144 medlemsklubbane planlegg arrangementet, og i år var det Gammelbilens venner på Jæren som fekk ansvaret. 108 bilar er med denne gong, og temaet for årets løp er «Industri og energi». Dei skulle i utgangspunktet køyre frå Sauda til Røldal, ned gjennom Suldal og vidare ut mot Hjelmeland, men på grunn av dei store snømengdene over Røldalsfjellet blei dei nødd til å legge om ruta. Dei køyrde derfor direkte frå Sauda til Sand, opp til Gullingen, ned til Jøsenfjorden og over til Hjelmeland. Der blei det middag og overnatting, før turen gjekk vidare sundag føremiddag via Årdal til Bjørheimsbygd, over leitet til Jørpeland og vidare mot målgang på Solastranda. Heile reisa er på nærmare 25 mil.

Ein av saudabuane som er med på årets løp er Jan Øvrebø. Han er med i Haugaland veteranbilklubb med sin Triumph frå 1956.

– Det er kamp om å få dette arrangementet til byen sin, så det er heilt topp at vi fekk dette til Sauda, fortel Jan Øvrebø.

Ein av dei som mest sannsynleg har hatt lengst reise for å kome til Sauda er Ivar Vimme. Han køyrde 80 mil frå Dalarna i Sverige i sin Opel Kapitän frå 1957 for å vere med på Norgesløpet. Det er første gong han er med på løpet, og på spørsmål om kvifor han valde å bli med akkurat i år, kjem svaret kjapt.

– På grunn av lokasjonen, seier Vimme.

Han fortel vidare at han veks opp i Arendalsområdet, men at han aldri har vore i Sauda tidlegare. Då han høyrde om arrangementet greip han sjansen til å oppleve meir av Vestlandet. Bilen kjøpte han i 1993, og han restaurerte bilen saman med kona i 2000.

Les meir i papirutgpåva eller last ned eavis her