LØYPA: Den tredje etappen under årets Tour des Fjords startar på Stord og endar i Sauda, etter 16,6 mil. (Illustrasjon: Tour des Fjords)
LØYPA: Den tredje etappen under årets Tour des Fjords startar på Stord og endar i Sauda, etter 16,6 mil. (Illustrasjon: Tour des Fjords)

Stenger vegstrekningar under Tour des Fjords

Dei som har planar om å køyre inn til, eller ut frå, Sauda i morgon, fredag, bør planlegge turen.

Årets tredje etappe av sykkelrittet Tour des Fjords startar på Stord like før klokka 14 i morgon, fredag. Deltakarane skal sykle om Haugesund før dei set kursen inn mot målgang i Sauda. Det betyr at vegstrekningar i periodar vil bli stengt. I enkelte tidsrom må trafikantar rekne med å bli heldt igjen av politi og vaktpersonell. Utrykkingskøyretøy vil kunne passere. Den siste bilen i kortesjen som køyrer i samband med Tour des Fjords vil vere merka «Sykkelritt slutt». Når denne bilen har passert vil sperringane bli oppheva.

Her er ei oversikt over kva tid rittet vil passere ulike strekningar:

Stord – Heiane                                13.50 – 14.00
Heiane – Bømlafjordtunellen N      14.00 – 14.05
Bømlafjordtunellen                         14.05 – 14.20
Bømlafjordtunellen S – Haukås      14.20 – 14.45
Haukås – Haugesund Sentrum      14.40 – 15.35
Haugesund S – Aksdal – Grinde    15.15 –  15.40
Grinde – Skjoldastraumen – Vats   15.25 –  16.20
Vats – Vikedal                                 16.00 – 16.50
Vikedal – Ropeid                             16.30 –  17.25
Ropeid – Sauda                               17.00 – 18.05