*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FRÅ ETTERSLEP TIL AJOUR: KPMG sin forvaltningsrevisjon, utført i januar i år, viser ein alvorleg situasjon på behandling av utsleppsløyve. Vikarstillinga på teknisk har bidratt til at dette arbeidet nå er ajour. Rådmann Wictor Juul ber politikarane om å gjera sekretærstillinga fast. Formannskapet sa ja. (Arkivfoto)

Positive til ny kommunal stilling

Etter fleire år med kutt ligg det an til at teknisk eining får innvilga ei ny, halv stilling.

– Me har hatt ein person i ei 60 prosent vikariatstilling som følge av fleire utskiftingar og reduksjonar i staben på teknisk. Nå har me folk på plass i stillingane, men me innser at me har behov for ei ekstra halv stilling, forklarte rådmann Wictor Juul i formannskapsmøtet onsdag.

Politikarane måtte innrømma at dei blei noko overraska då dei såg saka ”Opprette stilling teknisk enhet” på saklista si.

– Det å auka sit langt inne, men me ser at det er eit behov her. Me i Høgre vil gå for dette, sa Ivar Tangeraas, som innleia debatten i formannskapet.

Også Arbeidarpartiets Wenche Hoftun innrømma at ho blei litt overgidd då ho såg at teknisk bad om ei ny, halv stilling. Sauda kommune har i fleire år måtta gjennomføra kutt i bemanninga si, blant anna i nettopp teknisk eining. I 2014 blei drifta av kommunen nær seks millinar kronar dyrare enn planlagt, noko som har ført til ytterlegare bemanningsreduksjonar i 2015.

– Men forvaltningsrapporten til KPMG (revisjons- og rådgivingsselskap, red.merkn.) viser at me har utfordringar i teknisk avdeling. Målet vårt må vera å få vekk avvika. Viss denne stillinga kan bidra her, vil også me støtta dette, sa ho.

Sekretæren som har vikariert i ei 60 prosent stor stilling har bidratt til å avlasta saksbehandlarar, kommunelsjef teknisk og oppsynsmenn med administrative oppgåver.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her