Omorganiseringa i Nav Forvaltning har skapt uvisse om kva avdelingskontor som får behalde arbeidsoppgåvene. Dei tilsette ved Nav Forvaltning i Sauda har ikkje hatt garanti for at dei ville forbli 20 tilsette etter at omorganiseringa var ferdig. I verste fall kunne det føre til at avdelinga ikkje ville eksistere i det heile tatt, sidan Nav Forvaltning har som mål å redusere antal lokasjonar.
– Arbeidsplassane i Sauda består, konstaterer direktør for Nav Forvaltning, Ellen Chr. Christiansen.
Avdelinga i Sauda blir nasjonalt senter for sjukepengeforsikringar. Tidlegare har avdelinga i Sauda hatt ansvar for sjukepengeforsikringar kun i Rogaland.
I løpet av første halvår 2016 skal avdelinga bygge opp tilstrekkeleg kompetanse slik at den i åra framover kan handtere desse sakene for heile landet som ein del av sitt sjukepengemiljø. Dette er også gode nyheiter for dei øvrige oppgåvene Nav Forvaltning Sauda har. Også sjukepengar blir behandla i Sauda. Kven som skal behandle sjukepenger i framtida skal også omorganiserast i Nav.
– Me bygger ikkje opp kompetansen i Sauda for så å ta frå dei oppgåver. Sauda står med dette ikkje høgt på kuttlista vår, sier Christiansen, utan at ho kan garantere for mange år fram i tid.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her