– Me meiner det er rett at folk betaler ein liten ”inngangsbillett” for tomtene, sjølv om tomtesala framleis vil vera kraftig subsidierte. Det kostar oss dyrt å opparbeida området, seier kommunalsjef teknisk, Egil Aarebrot.
Vidaresal av tildelte gratis-tomter, opphoping av søppel og anna avfall og tildelte tomter som står ubrukte er nokre av eksempla på brot på kommunen sine planar for industriområdet på Birkeland.
Sauda kommune har utarbeida nye retningslinjer for sal av kommunale industritomter. Dei gamle retningslinjene blei vedtatt i 2001. Tidlegare har folk blitt tildelt ønska tomt og kun betalt for dokumentavgift, oppmålingskostnader, tinglysing av skjøte og tilkoplingsavgift for vatn og avløp. Nå krev kommunen konkrete summar for tomtene inne på industriområdet. Tomtene får ein arealpris på 30 kroner per kvadratmeter og at kjøparen betaler ein fast pris på 175 000 kroner for tilkopling til vatn, avløp og straum. I tillegg kjem oppmålingsgebyr, tinglysing, dokumentavgift og tilkoplingsavgift for vatn og avløp og behandlingsgebyr.
– Totalt vil kvar tomt nå kosta rundt 300 000 kroner, seier Aarebrot.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her