Både Rådhuset, Sauda museum, Folkets Hus og Saudahallen har etter all sannsynlegheit i løpet av natta hatt besøk av uvedkommande. Bygga har blitt spraylakkert med ulike ord.
Då Ryfylke ringer lensmannskontoret i Sauda er ikkje politiet kjent med saka. Dei vil rykke ut og gjere undersøkingar snarast råd.
– Vi ser alvorleg på dette og vil ta tak i saka. Tagging er tilgrising av verste sort. Det kan medføre store kostnader å få fjerna dette, understrekar politioverbetjent ved Sauda lensmannskontor, Thomas Breivik.
Saudahallen er blitt tagga både i inngangspartiet og bak på bygget. Tilsette var i føremiddag i full sving med å prøve å vaske vekk lakken, men hadde problem med å få alt heilt vekk.
– Sauda har blitt skåna for tagging. Det er lenge sidan eg har høyrt om liknande tilfeller her inne, seier Breivik, og legg til at politiet er interessert i tips frå publikum i tagge-saka.
– Viss ein har sett bilar eller folk eller har andre nyttige opplysningar i saka er det fint om ein tar kontakt med politiet, oppmodar politioverbetjent Thomas Breivik.