*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
LOVLEG GARASJE: Garasjen i bakgrunnen kan nå byggast utan å varsle kommunen og naboane. Byggesaksbehandlarane Øydis Skåre og Harald Eikrem ber folk likevel informera naboane.

Fryktar nabokonfliktar

Snart kan du bygge en dobbelgarasje utan å søke kommunen eller varsle naboane.

Den nye regjeringa har varsla eit forenkla regelverk innan byggesaker. Frå 1. juli kan naboen bygge ein fire meter høg dobbelgarasje ein meter frå eigedomen din. Fjordutsikta kan med andre ord forsvinne utan at du har noko du skulle ha sagt.

– Naboen kan bygge ein dobbelgarasje medan du er på ferie og utan at du veit noko som helst, seier byggesaksbehandlar Harald Eikrem i Sauda kommune.

Men det er ikkje bare naboen som ikkje har noko han skulle sagt. Det har heller ikkje byggesaksbehandlarane Harald Eikrem og Øydis Skåre. Regjeringa ønsker større råderett på eigen eigedom, samtidig som dei ønsker at færre saker skal innom byråkratiet til behandling.

Det er ikkje bare for bygging av garasjer regelverket blir endra. Det same gjeld uthus, bod, tilbygg på hus, levegger og forstøtningsmurar.

Harald Eikrem ber likevel utbyggarar ta kontakt med naboane.

– Det kan bli mange nabokonfliktar dersom ein ikkje inngår ein dialog, åtvarar Eikrem.

Sjølv om du kan bygge ein meter frå nabogrensa, er det ikkje sikkert naboen kan bygge ein meter frå grensa etterpå.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.