*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
GLER SEG: Andreas Fattnes (frå venstre), Ingve Handeland, Hans Agnar Wigelius og Oddvar Flåtnes håpar mange saudabuar blir med på danse- og trekkspelmoroa på fjordhotellet i helga. (Foto: Ingvil Bakka)

Saudatreffen i sikte

Den lokale arrangørklubben ventar storinnrykk av langt over hundre toradar- og trekkspel-entusiastar.

– Det er påmeldt 20 orkester. Med eit snitt på fem-seks medlemmer per orkester og familiane deira og andre interesserte reknar me med at det blir mange som kjem til Sauda i helga, seier Andreas Fattnes, leiar i Sauda trekkspillklubb.

Helgas toradar- og trekkspelsamling i Sauda er den 18. i rekka sidan 1998, då Saudatreffen blei arrangert for første gong. Dei første åtte-ti åra var arrangementet lagt til campingplassen i Saudasjøen, seinare har fjordhotellet vore fast base, med unntak av i 2013, då hotellet var stengt.

– Me liker oss best på hotellet. Det er mindre arbeid for oss i klubben, og me slepp å bekymra oss for vêret, fortel Oddvar Flåtnes.

For, som alltid handlar Saudatreffen om toradar- og trekkspel-musikk og dans. Mykje musikk og dans. Det heile startar opp tidleg fredag kveld, med ei nøye planlagt speleliste, der det går slag i slag heilt fram til ut i dei små timar. Det same gjentar seg laurdag kveld. Kvart orkester får sine tilmålte 45 minutt i rampelyset, før neste orkester på lista overtar.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her