*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
DOBLAR FLYKTNINGTALET: Sauda kommune vil ta imot 40 flyktningar i løpet av 2015 og 2016, vedtok kommunestyret onsdag. (Foto: Frank Waal)

Aukar flyktningkvoten

På grunn av flyktningkrisa i Syria går Sauda med på å doble flyktningkvoten i år og neste år.

Sjølv om eit stort fleirtal av kommunestyret sa ja til å ta imot fleire flyktningar, ber politikarane om tal på bordet. Det følger statleg støtte med kvar flyktning som kommunane tar imot. Men fleire politikarar stiller spørsmål om desse pengane dekker utgiftene til kommunane.

– Det er usikkerheit rundt dette, meiner rådmann Wictor Juul.

Det er mange offentlege tenester som får meirarbeid når kommunen tar imot flyktningar og reknestykket ligg derfor ikkje oppe i dagen. Dette gjeld særleg innan området skule og helse.

Fleirtalet sa ja til å ta imot to nye familiar på inntil ti personar over to år ekstra. Totalt 20 flyktningar. Dette kjem i tillegg til dei 20 flyktningane kommunen alt har sagt dei tar imot desse to åra. Årsaken til at dei ønsker familiar er at dette talet ikkje vil auke som ein følge av familiegjenforening. Nokon av flyktningane som har kome til Sauda har i ettertid fått innvilga familiegjenforening. Familien flyttar etter og reknast ikkje som ein del av flyktningkvoten.

Senterpartiet sa nei til å ta imot fleire flyktningar, og fekk støtte av Framstegspartiet.

– Me har alt vedtatt å imot flyktningar desse to åra. Skal me auke dette meiner me dei hardt pressa offentlege tenestene i Sauda ikkje har kapasitet til å betene fleire. I såfall må staten betale meir i støtte, meiner Eirik Birkeland.

Flyktningar har større behov for bruk av offentlege tenester i integreringsfasen enn gjennomsnittsinnbyggaren. Birkeland meiner det er viktig å stille kritiske spørsmål og ikkje berre seie ja fordi det er politisk korrekt å ta imot flyktningar.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her