Da Mosbakka Kraft starta kraftproduksjon i Saudasjøen i 2010, var det med tru på at dei fekk støtte. Tidlegare olje- og energiminister Einar Steensnæs lova bort driftsstøtte gjennom grøne sertifikat.
Men Mosbakka Kraft, og fleire andre påbegynte kraftverk, fekk aldri grøne sertifikat. Seks millioner kroner har eigarane innen utgangen av dette året skote inn for å dekke minusdrifta i Mosbakka Kraft.
I forrige veke vedtok Stortinget at kraftverka som blei «lurt» av falske løfter likevel skulle få grøne sertifikat.
– Det var ein fantastisk flott dag på Stortinget. Dette reddar oss, jublar Dagfinn Birkeland, som fulgte debatten i Oslo.
Birkeland eig 25 prosent av Mosbakka Kraft. Haugaland Kraft eig 50 prosent. Dei øvrige 25 prosentane er fordelt på andre lokale grunneigarar.
– For oss betyr dette svært mye. Bortsett frå det første året har me gått i minus. Med dei grøne sertifikata vil me truleg gå med eit lite overskot, sier Birkeland.
Heile 240 nye kraftverk blir nå tatt inn i ordninga med grøne sertifikat.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her