Rundt klokka 14 i dag, fredag, fekk politiet melding om at det hadde vore ei trafikkulukke i Åsjuvet, der ein moped hadde køyrt av vegen. Ein ambulanse var då på veg til staden.
Då politiet kom fram viste det seg at ei ung jente hadde køyrt ut av vegbanen og i autovernet i samband med øvingskøyring på moped. Jenta blei tatt hand om av ambulansepersonell og frakta til legevakt.
– Det kan sjå ut som at ho er lettare skada, men det er for tidleg å seie, opplyser Øyvind Dybing ved Sauda lensmannskontor.