Sauda kommune gløymde å legge inn 4,5 millionar kroner i lønsauke da budsjettet for 2015 vart utarbeidd. Onsdag la rådmannen fram første tertialrapport for kommunestyret, som viste at kommunen hadde eit meirforbruk på tre millionar kroner, i tillegg til «lønsglippen».
Blant meirforbruket er 320 000 kroner ekstra til barnevernet og 400 000 kroner til kommunale vegar. Kommunestyret vedtok budsjettkorrigeringa for barnevernet og kommunale vegar