Solbakken sikra sølv

Den lokale orienteringsløparen sørga for at Sauda fekk med seg ein av to medaljar i krinsmeisterskapet i langdistanse.

– Eg hadde nokre småbom på slutten som øydela for meg, fortel Jarle Solbakken etter at han tok andreplass i krinsmeisterskapet i langdistanseorientering i helga.

Laurdag var Sauda Orienteringsklubb vertskap for krinsmeisterskapet som i år blei lagt til Nordstøldalen. Over 150 deltakarar frå ulike klubbar stilte til start i strålande sol på Skeivane og fleire av dei lokale løparane hadde medaljemulegheiter. Men, konkurransen skulle vise seg å bli tøff, særleg i klasen H40, der Jarle Solbakken var Sauda sitt håp. Her deltok fleire tidlegare vestlandsmeistrar i eliteklassen.

– Det var høgt nivå i klassen min og derfor er eg veldig godt fornøgd med både løpet og plasseringa. Eg var nærmare gullet enn eg hadde trudd, vedgår Solbakken, som først starta med orientering i vaksen alder.

– Eg er nok i betre form nå enn nokonsinne, seier han.

Les meir om plasseringane til dei lokale løparane i papirutgåva eller last ned e-avis her.