I fjor betalte saudabuen til saman 394,8 millionar kroner i inntektsskatt. Året før var totalsummen 381,5 millionar kroner.
I fjor betalte saudabuen til saman 394,8 millionar kroner i inntektsskatt. Året før var totalsummen 381,5 millionar kroner.

Skattepengane er på veg

Skatteetaten begynner å betale ut oppgjeret i dag, onsdag.

I dag startar Skatteetaten utbetalinga av skattepengar for inntekståret 2014 til 85 prosent av alle lønnstakarar og pensjonistar.

215 094 rogalendingar får i snitt 11 999 kroner på skatten. 50 294 personar må i snitt betale 16 583 kroner i restskatt.

Men, sjølv om skattekronene begynner å rulle inn på kontoar i dag er det ikkje alle som kan glede seg over ekstra pengar i kassen før helga. Ein må belage seg på at utbetalinga kan ta litt tid.

– Du vil tidlegast få pengane på konto i dag, men det kan ta inntil to veker etter skatteoppgjersdatoen før pengane faktisk blir utbetalt, seier Marta Johanne Gjengedal, avdelingsdirektør i Skatteetaten, i ei pressemelding.

Dato for neste skatteoppgjer er 5. august. Etter det blir det fortløpande oppgjer fram til 14. oktober. Viss du ikkje får oppgjeret i juni, kan det skuldast fleire ting.

– Generelt er det slik at desto meir komplisert sjølvmelding og vedlegg du har, jo lenger tid kan det ta å behandle ho. Er du eller ektefellen din næringsdrivande, eller om du leverte sjølvmeldinga på papir, vil du tidlegast få oppgjeret ditt 5. august, opplyser Gjengedal.