Tysdag i sist veke vakna 19 år gamle Cornelia Bregård tidleg opp om morgonen. Ho var lei. Lei av alt kroppspresset og det stadig aukande fokuset på slanking i samfunnet. Lei av å aldri kjenna seg god nok. Lei av å møta på folk som dømmer henne etter utsjånaden. I bakhovudet låg mobbinga ho opplevde då ho gjekk på ungdomsskulen i Sauda.
Ho sette seg framfor datamaskina og skreiv teksten ”Det er ekkelt når så tjukke jenter går med shorts”. Tanken var å legga det ut på bloggen sin, men ho var skeptisk. Var det ikkje litt klein og for personleg? Var ikkje dette temaet ferdigsnakka? Var ikkje lesarane hennar leie av å lesa om hennar tankar rundt kroppshysteriet? Etter å ha rådført seg med ei venninne valde ho likevel å publisera teksten.
Så tok det heilt av. På kort tid var blogginnlegget hennar delt fleire tital gonger på Facebook og tilbakemeldingane ramla inn. Den kristne avisa Korsets Seier tok kontakt, det same gjorde avisa Aftenposten, som ville ha innlegget hennar på meiningssida si Si-D. Bregård sitt innlegg blei den mest leste nettsaka i Aftenposten fredag. Seinare same dag ringte TV2. Dei ville ha henne med i programmet God sommer, Norge.
19-åringen er opptatt av å vera ærleg på bloggen sin. Spesielt viktig synest ho det er å oppfordra folk til å vera fornøgd med seg sjølv, og ikkje bry seg om kva medier eller andre meiner om utsjånad.
– Eg skulle ønska eg hadde lest ein slik blogg då eg var 14 år, vedgår ho.
På ungdomsskulen blei ho, som er personleg kristen, kalla ”det hellige fleskeberget”. Den gong valde ho å le det bort og sjølv fleipa med kallenamnet. Men det gjorde vondt.
– Det var lettare å le det bort enn å begynna å tenka for mykje. Først nå kjenner eg på kor skikkeleg vondt eg hadde det inni meg når mobbinga pågjekk, seier ho.
Les meir i papirutgåva tysdag eller last ned eavis tysdag her