Nå kjem sommaren – endeleg

Meteorologane varslar sol og 25 grader.

Om dei gode vêrprognosane blir langvarige er vanskeleg for meteorologane å seie, men Yr.no melder om temperaturar opp mot 25 grader onsdag og torsdag. Tysdagen blir heller ikkje så verst, med temperaturar opp mot 19 grader. På torsdag kan vi vente oss litt nedbør seint på dagen, før det blir finvêr igjen på fredag og laurdag med 24 grader og sol. Det er altså på tide å finne fram badebuksa, strandstolane og grillen, for som vestlendingar veit vi at det er viktig å utnytte vêret når det først er fint.

Vêret så langt i sommar har vore triste greier. Etter ein lang vinter er det å kunne gå på ski i juni månad eigentleg ikkje noko å skryte av. Mykje nedbør, snø i fjella og temperaturar ned mot frysepunktet er ikkje normalt for sommarmånadane, sjølv her i ”kalde” Noreg. Kaldast denne månaden var tysdag 9. juni, med berre 3,5 grader på det kaldaste. Varmaste var måndag 22. juni, med 20,4 grader. Samanlagt var snittemperaturen på elleve grader, noko som er heile 2,6 grader under normalen.

– Det er på høg tid med finvêr, enkelt og greitt, fortel Magnar Birkeland ved Sauda Vekst.

Saudabuen sjølv dreg gjerne til varmare strøk då sommaren har latt vente på seg. Det ser derimot ikkje ut til å bry turistane noko særleg.

– Vi merkar at det ikkje er fellesferie endå, men vi har hatt fleire turistar på besøk dette året samanlikna med juni i fjor. Kvifor det er slik er vanskeleg å seie, muleg det har noko med den stengde Røldalsvegen å gjere, seier Gerd Olaug Garstad ved Sauda Ferie & Fritid.

Les meir om turisttrafikken i papirutgåva eller last ned e-avis her.