Saudabuar av stål

Førebur seg på fleire timar med blodslit.

Til helga drar fleire saudabuar til Haugesund for å konkurrere i triatlon-konkurransen Ironman. Tre av dei er Asbjørn Skoglund, Arne Sørensen og sonen hans, Jan Alfred Landa Sørensen (18 år). Sistnemnde blei utfordra av far sin i fjor, men tok det ikkje seriøst den gongen. Trening var ingen stor del av kvardagen. Plutseleg var påmeldinga ei realitet.

– Det bare blei sånn, seier Landa Sørensen.

Triatlon er ein sport som består av tre øvingar: symjing, sykling og springing. Distansane varierer for kvar disiplin, men i Haugesund skal ein symje 1 900 meter, sykle ni mil og springe 21,1 kilometer. Andre saudabuar som skal vere med på sundag er Kristin Bruknapp, Linda Merethe Lie, Geir Arne Klementsen, Gro Anita Aartun Imsland og Håvard Rosnes.

Det dei fleste kanskje lurar på, er kvifor ein vel å gjere dette. For Sørensen er det tredje gongen han er med, og for Skoglund er det andre gongen.

– Eg kjem alltid til eit punkt der eg tenker «aldri meir». Ein tar seg heilt ut, ligg på grensa til kva kroppen kan tole, og det gjer vondt. Men så går det ikkje lange tida før eg bestemmer meg for å gjere det igjen, fortel Skoglund.

– Det er kjekt heile vegen, det er jo derfor eg gjer det igjen. Det er ei stor utfordring å vere med, men eg liker å slite meg ut. Det er eit gedigent arrangement med eit folkeliv utan like, og ein får opplevingar ein aldri gløymer. Målet er alltid å gjere det litt betre enn sist, vedgår Sørensen.

For Landa Sørensen, som ikkje har tidlegare erfaringar med konkurransar som dette, er det vanskeleg å sette seg store mål.

– Eg håpar eg kjem meg i mål, seier han.

Les meir om jerngutta i papiravisa eller last ned e-avis her.