Opnar vegen – igjen

Røldalsvegen opnar for trafikk igjen i dag.

– Vegvesenet fortel at dei opnar vegen igjen i dag, klokka 10, opplyser ordførar Frode Sulen.

Røldalsvegen blei offisielt opna for sommarsesongen fredag 3. juli, men bare to dagar seinare blei vegen stengt igjen, grunna frykt for flaum- og snøras. Vegen var derfor stengt frå søndag kveld til i dag, tysdag formiddag.