GÅR VIDARE: Dagleg leiar og redaktør Linda Merethe Lie og journalist Tore Bastlien Dahl har begge to sagt ja til nye jobbar, og tida deira i Ryfylke er derfor snart forbi. (Foto: Siri Åbø Wiersen)
GÅR VIDARE: Dagleg leiar og redaktør Linda Merethe Lie og journalist Tore Bastlien Dahl har begge to sagt ja til nye jobbar, og tida deira i Ryfylke er derfor snart forbi. (Foto: Siri Åbø Wiersen)

Sluttar i Ryfylke

Både dagleg leiar og redaktør Linda Merethe Lie og journalist Tore Bastlien Dahl har sagt ja til ny jobb utanfor Sauda.

Frå seinsommaren av mistar derfor Ryfylke to av sine medarbeidarar.

– Det var ei vanskeleg avgjerd, men eg føler meg moden for nye utfordringar, fortel Linda Merethe Lie.

Haugesundaren flyttar tilbake til heimbyen i haust for å jobbe som kommunikasjonsrådgjevar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. I utgangspunktet er det eit eitt-årig engasjement, ho har derfor fått permisjon frå Ryfylke.

Tore Bastlien Dahl har jobba i Ryfylke sidan 2013, og skal no starte i skulesektoren. Han skal vere einingsleiar for Vanvik oppvekstsenter. Der vil han ha ansvaret for drifta av senteret, som består av barnehage, skule og SFO.

Les meir om kven som utgjer den nye Ryfylke-leiinga i papirutgåva eller last ned e-avis her.