*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
LITE FIRMA – STORE TAL: Klima og Energiteknikk har basen og lageret sitt i den gamle kolonialbutikken på Birkeland. Knut Danielsen har leia firmaet med stor økonomisk suksess sidan oppstarten på slutten av 1980-talet. (Foto: Ingvil Bakka)

Tar klimautfordringane på strak arm

Saudafirmaet Klima og Energiteknikk AS går så det susar.

– Det har faktisk gått godt med positive tal frå dag éin. Akkurat nå er det litt roleg i marknaden, men bare så langt i år har me hatt ei omsetning på over ti millionar kroner, seier Knut Danielsen, dagleg leiar i Klima og Energiteknikk.

Saudafirmaet la nyleg fram rekneskapstala sine for fjoråret. Også i 2014 hadde firmaet ei omsetning på vel ni millionar kroner, det same som dei to føregåande åra. Overskotet landa på litt over to millionar kroner.

– I løpet av dei siste ti åra har omsetninga og overskotet vore omtrent på dette nivået, kommenterer Danielsen.

Klima og Energiteknikk blei etablert i 1989 av saudabuen Knut Danielsen, eit elektrofirma på Karmøy og eit blikkenslagarfirma i Haugesund. Tanken var å tilby tenester innan ventilasjons- og klimaanlegg på Haugalandet. Eigenkapitalen i selskapet var rundt 80 000 kroner, og Danielsen måtte skrapa saman 40 000 kroner for å få råd til å sitta med 52 prosent av aksjekapitalen.

Men etter bare eit år innsåg Danielsen at det var meir enn nok arbeid bare i Sauda, og han kjøpte derfor ut dei andre aksjonærane.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.