*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
Ti ÅR I OSLO: Torfinn Opheim er leiar for Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar. Valkommiteen har innstilt han for to nye år. (Foto: Frank Waal)

Tar to nye år i Oslo

Torfinn Opheim gav seg etter åtte år på Stortinget for å sleppe pendlinga til Oslo. Den nye jobben hans har kontor 50 meter fra Stortinget.

– Då eg blei spurt om å bli LVK-leiar kunne seg ikkje seie nei. Det var midt i blinken for meg.

Etter åtte år som Stortingspolitikar for Ap var pendlinga til Oslo ein viktig grunn til at Opheim sa nei til ein ny fireårsperiode. I to år har han nå vore leiar for Landssamanslutninga av Vasskraftskommunar (LVK).

– Kontoret mitt ligg i Akesgata, 50 meter frå Stortinget, ler Opheim.

Han tar ein kopp kaffi på Far`s Vilje saman med Ryfylke-journalisten.

– Eg er i Sauda kvar helg. Fordelen med den nye jobben er at det er enklare å ta ei langhelg i Sauda enn kva det var som stortingspolitikar. Nokre gonger kan eg bruke heimekontoret ei heil veke, seier Opheim.

Han bestilte seg arbeidsplass i eit kontorfellesskap i Sauda.

– Eg synest det er driiit kjedelig å jobbe på heimekontor, men eg måtte seie opp arbeidsplassen eg leigde i Sauda. Eg var for mykje ute og reiste og brukte nesten aldri kontoret.

Landssamanslutning av Vasskraftskommunar består av 173 medlemskommunar. I overkant av 40 prosent av landets kommunar er medlem. LVK ivaretar vasskraftkommunanes interesser. Kraftprodusentane ønsker å betale minst muleg i skattar og avgifter til kommunane. Kommunane vil ha mest muleg pengar av kraftprodusentane. Ei ørlita avgiftsendring gjennom eit stortingsvedtak kan utgjere store beløp i den lukrative kraftbransjen. Slikt blir det lobbyvirksomhet og politikk av.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.