Finanstilsynet slo alarm etter aksjehandel i oljeselskapet Rocksource i februar/mars 2014. Økokrim starta etterforsking og meinte at fire personar var involvert i ulovleg innsidehandel. Det blei utført handlar i Rocksource-aksjar før nyheiten om at oljeselskapet hadde gjort eit viktig funn. Då selskapet offentleggjorde funnet steig børskursen på selskapets aksjar med 118 prosent.
Ein person frå Sauda i 50-åra er nå tiltalt av Økokrim for å ha gitt frå seg informasjon om funnet og «oppfordret eller ansporet» ein annan saudabu til å handle aksjar i selskapet før funnet blei offentleggjort.
Den andre saudabuen, ein mann i 60-åra, handla til saman 764 236 aksjar i Rocksource ASA i perioden 27. februar til og med den 5. mars 2014. 500 000 aksjar ble handla i eige navn, medan dei resterande aksjane blei handla gjennom mannens eigedomselskap. Den 6. mars gjorde Rocksource det kjent at dei hadde gjort eit olje- og gassfunn på Pil-feltet i Norskehavet.
Mannen i 60-åra er nå tiltalt av Økokrim for brot på verdipapirhandellova under paragrafen som seier: «kjøp av finansielle instrumenter notert på norsk regulert marked må ikke foretas for egen eller fremmed regning av noen som har innsidehandel.»
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.