*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
Alf Jostein Årtun har saman med broren John Henry Wormestrand Årtun kjøpt ut ein del av dei andre aksjonærane og er nå majoritetseigar i entreprenørfirmaet Forskaling AS. Arkivbilde frå 2015: Ingvil Bakka.

Bygger seg store

Forskaling as har gått frå null til tjue tilsette på ti år.

Då Forskaling as blei etablert for snart ti år sidan hadde entreprenørfirmaet ingen tilsette. All drift var basert på innleigt arbeidskraft. I det første driftsåret, 2006, hadde dei ei omsetning på 1,3 millionar kroner.

I dag har firmaet 20 fast tilsette og kan visa til ei omsetning på heile 20 millionar kroner i 2014. Dagleg leiar Alf Jostein Årtun, som har vore med heilt sidan oppstarten, innrømmer at det har vore ei spennande utvikling.

– Heilt klart. Og me har mange oppdrag, så me har fortsatt vekst, seier han.

Overskotet i fjor landa på 1,1 millionar kroner.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.