*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
VARMT SAMARBEID: Eramet skal oppgradera området der dei støyper ut raffinert ferromangan. Medan Leif Inge Løland (til venstre) og Brødr. Selvik har fått betongjobben, går stålarbeidet til Amund Fattnes og Weldone. I midten: Eramet sin driftssjef for varmprosess, Brede Rokås. (Foto: Ingvil Bakka)

Lokal sengevals sikrar arbeidsplassar

Sandseng-prosjektet til smelteverket var akkurat det Weldone trengte for å ha jobb til alle tilsette i haust.

– Det er ein herlig følelse å kunna sitte her, midt i juli, og vita at ein har sikra jobb til alle tilsette i heile haust, jublar Amund Fattnes, dagleg leiar ved Weldone.

Eramet Norway Sauda ønsker å betra kapasiteten ved MOR-anlegget og vil derfor oppgradera utstøypingsområdet sitt. Nyleg blei det klart at oppdraget med å laga nye utstøypingsformer, med tilhøyrande takoverbygg, går til saudabedrifta Weldone. Over hundre tonn med stål vil gå med til jobben. Ifølge Amund Fattnes har oppdraget ein verdi på rundt ti millionar kroner for bedrifta i Saudasjøen.

– Eit betydeleg oppdrag for oss. Og ekstra kjekt at ein slik jobb blir halde lokalt, seier han.