TRENG SKULESEKKAR: Familien Thandabani ønsker å gi ranslar til barn i Zimbabwe, og håper folk som ikkje har bruk for dei lenger kan hjelpe. Frå venstre: Willie M. Thandabani, Spiwe T. Rønning, Kevin Farai Rønning, Magaret Thandabani og Nashe D. V. Singh. (Foto: Elin Brekke)

Samlar inn skuleranslar

Spiwe T. Rønning har sidan midten av mai hatt besøk av foreldra sine frå Harar i Zimbabwe. Snart ventar den lange turen tilbake, men først vil dei be om hjelp frå saudabuen.

– Me ønsker å samla inn gamle skuleranslar som folk ikkje har nytte av lenger og ta dei med heim til Zimbabwe, fortel mor Magaret Thandabani.

Ho forklarar at Zimbabwe er det landet i Afrika som har den høgaste prosenten av folk som kan lese og skrive. Dei aller fleste går på skule. Men det dei ikkje har er materiell ein treng på skulen.

– Dei må bere alle bøkene sine i regn og steikande sol, og dei fleste har ikkje råd til å betale både skule og ranslar, fortel Magaret Thandabani.

Mrs. Thandabani legg til at det er mange foreldrelause i Zimbabwe, og at dei må vere heime sidan dei ikkje har råd til å gå på skule.

– Skulen kostar rundt 20 dollar per semester, og det er ein del pengar for mange, seier Rønning, som plar å sende ned pengar til familiar som treng hjelp.

Thandabani-familien ønskjer å gi ranslar til dei som treng det i Zimbabwe og forklarer at dei vil hjarteleg ta imot alle slags ranslar, så lenge dei er brukande.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.