– Det var aldeles fantastisk strålande, fortel ein stolt Inge Løyning, som er trenar for Gutar 16-laget. Sauda vann heile 8-0 mot laget frå Askøy som blei nummer to i si pulje.
– Me parkerte dei frå starten av og dei hadde ingenting å møta oss med, seier Løyning. Erdal/Ask var i ei pulje som bestod av berre 3. divisjonsslag, noko som gjorde jobben for saudagutane, som til vanleg speler i 2. divisjon, enkel.
Neste kamp blir spelt klokka halv ni i kveld mot Os Turn Fotball.