I RETT RETNING: Medan dei aller fleste kommunane i Rogaland nå opplever ein auke i arbeidsløysa, kan Sauda glede seg over at færre står utan jobb. I følge tal frå Nav er 1,8 prosent av dei arbeidsdyktige innbyggarane i kommunen arbeidsledige ved utgangen av juli månad. (Arkivfoto)

Sauda skil seg ut på arbeidsmarknaden

Er ein av berre to rogalandskommunar som kan vise til nedgang i arbeidsløysa.

Medan talet på innbyggarar utan arbeid har auka i Rogaland den siste månaden har arbeidsløysa gått ned i Sauda. Berre Vindafjord har meir positiv utvikling.

Ifølge Nav er i dag 8 923 personar i Rogaland heilt utan arbeid. Det svarar til 3,8 prosent av arbeidsstyrken, noko som er høgare enn landsgjennomsnittet. Samanliknar ein med juli månad i fjor er auken i arbeidsløysa på heile 65 prosent.

44 personar av dei arbeidsdyktige innbyggarane i Sauda er nå utan arbeid. Det er tre personar færre enn i same periode i fjor. Alle kommunane i Rogaland har opplevd ein auke i arbeidsløysa den siste månaden, unntatt Sauda og Vindafjord.

Les meir i papirutgåva tysdag.